Om oss

Grov Elektro er ei autorisert elektroinstallasjonsverksemd lokalisert på Heiane Vest i Stord kommune. Selskapet blei første gong etablert i 1985, og har sidan den tid utført større og mindre installasjonsprosjekt og serviceoppdrag for verksemder og privatkundar på Stord og ei rekkje andre stader.

 

Grov-Elektro-alle-tilsette

I dag har Grov Elektro 25 tilsette som leverer elektrotekniske tenester til marknadssegmenta næringsbygg, landbaserte anlegg, service/vedlikehald og bustad.  I botn for kvart einaste oppdrag ligg fokus på å levera tenester med høg kvalitet, effektivitet og tryggleik – som me kan vera fagleg stolte av.

 

hogt og lavt

Satsar på service

Grov Elektro har gjennom åra fått eit godt fotfeste hos ei rekke bedrifter på Stord, og me har installert elektriske anlegg i ei rekke større næringsbygg. I dei seinare år har selskapet levert elektroinstallasjon til fleire nye industrihallar på Eldøyane. Me har også engasjement for Kværner Stord, og har mellom ansvar for brann- og datainstallasjonane i over 400 rom på innkvarteringsanlegget Akershus.

Elektroleveransar til modulbaserte bygg er ein av dei største berebjelkane i verksemda vår, og står for ein tredel av aktiviteten. Dei modulbaserte bygga er midlertidige bygningar som kan innehalda både bustadmodular, kontor og kantine, og som typisk vert sett opp og leigde ut til anleggsentreprenørar for ein avgrensa periode. For dei modulbaserte bygga har me eit arbeidsområde som strekkjer seg heilt frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør.

Dei seinare åra har verksemda hatt eit godt samarbeid med fleire større utbyggingsaktørar i bustadmarknaden, og me har bidrege med elektroinstallasjon i mange hundre leilegheiter og einebustader på Stord.

Grov Elektro har i dag ein solid portefølje av servicekundar. I den vidare drifta vil kontroll- og servicetenester for elektroinstallasjonar og brannvarslingsanlegga vera eit viktig satsingsområde for selskapet.