Bustad

Grov Elektro har i mange år vore ein viktig leverandør av elektrotekniske tenester til profesjonelle bustadbyggjarar.

Me har også ei eiga avdeling dedikerte fagfolk som har lang erfaring med kosteffektiv installasjon, service og kontroll av elanlegg for privatkundar.

I Grov Elektro får byggjefirma ein profesjonell og kompetent elektroinstallatør som tek hand om heile installasjonen –  frå prosjektering og heilt fram til den siste lystbrytaren er kopla til. Kvar bustad blir overlevert byggherre med full dokumentasjon, i tråd med gjeldande regelverk. Me har omfattande erfaring med alt frå mindre leilegheitsprosjekt til store bustadfelt som inneheld alt frå fleirmannsbustader til rekkehus og einebustader.

Endå lengre erfaring har me med elektrotekniske installasjons- og serviceoppdrag for privatpersonar som byggjer ny bustad, eller renoverer/oppgraderer eksisterande husvære. For privatmarknaden har me eit eige team med dedikerte fagfolk som sørgjer for kosteffektiv gjennomføring av dine små og store elprosjekt.

  • Oppgradering/renovering
  • Service
  • Energieffektivisering (Enøk)
  • Brannførebyggjande elkontroll i bustad
  • Termografering
  • Installasjon og service av varmepumper