Landbaserte anlegg

Grov Elektro er sertifisert totalleverandør av komplette sterkstraums- og svakstraumsanlegg til alle typar landbaserte anlegg, til dømes settefiskanlegg og modulbygg i alle variantar.

Modulbaserte bygg/brakkeriggar er eit hovudsatsingsområde innan dette marknadssegmentet. Gjennom mange slike prosjekt rundt om i heile Noreg, har me opparbeidd oss ein posisjon som føretrekt installatør for fleire leverandørar av modulbaserte bygg. Nøkkelen til suksessen er eit eige team av erfarne og dyktige medarbeidarar som har optimalisert installasjonsprosessen vår for dei høgintensive modulbygg-prosjekta. Resultatet er at me til dømes er i stand til effektivt å utstyra ein komplett modulrigg med 88 soverom, stor kantine og stor kontorseksjon med sterk- og svakstraum i løpet av berre ein månads tid.

  • Sterkstraumsanlegg
  • Svakstraumsanelgg
  • Brannvarsling
  • Adgangskontroll
  • Dataspredenett
  • Innbrotsalarm
  • Tavlemontering