Service & vedlikehald

Me hjelper deg gjerne med service- og vedlikehaldstenester på anlegg som er i drift, og har sertifisert personell til å ta seg av elkontroll av ditt næringsbygg.

Me har i dag serviceavtalar med ei rekkje bedrifter. Kundar med slike avtalar nyt godt av vår garanterte utrykkingstid. For kundane betyr det minimalt med nedetid på elanlegget ved ein eventuell driftsstans.

For å redusera sjansane for driftsstans, tilbyr me oss å føra ettersyn med det elektriske anlegget ditt – gjerne etter faste tidsintervallar. Me utfører også preventivt vedlikehald, og har ekspertise som både kan rådgje deg om, prosjektera og installera energisparande og miljøvenlege løysingar basert på siste tilgjengelege teknologi.

  • Service- og vedlikehaldsavtalar
  • Brannførebyggjande elkontroll bustad
  • Elkontroll næringsbygg
  • Ettersyn og service på brannvarslingsanlegg
  • Reparasjonar
  • Oppgradering/renovering
  • Energieffektivisering (Enøk)